Kommunestyremøte i Valle i kveld onsdag 20. mars

I kveld er det alt frå orienteringar til ordinære saker til handsaming i kommunestyret i Valle. Møtet tar til klokka 18.

Knut Hagen og Kristin Nomeland under kommunestyremøtet i Valle i februar i år. I kveld samlar dei folkevalde seg att. - Klikk for stort bileteKnut Hagen og Kristin Nomeland under kommunestyremøtet i Valle i februar i år. I kveld samlar dei folkevalde seg att. Ole Birger Lien

Før dei folkevalde kjem i gang er det to orienteringar i kommunestyresalen. Rådgjevar Kåre Kristiansen frå Agder fylkeskommune skal greie ut om Regionalplan Agder 2030, og Annbjørg Lien kjem med ein Unesco-status.

Godtgjersle

Dei folkevalde skal ta stilling til lokal forskrift for godtgjersle for kommunale ombod i perioden 2024-2027. Alkoholpolitisk handlingsplan for same perioden kjem også på bordet. I tillegg skal retningsliner for tildeling av tilskot til klatreruter i fjell og ikkje minst næringsplan med tiltaksplan på plass. Tilskot til bustadbyggjing, kjøp av eigedom i Valle sentrum og tilbod frå Statkraft om aksjebyte i Å energi er også av sakene på lista.

Valle radio er sjølvsagt på plass og streamer møtet med både lyd og video - HER er lenka til overføringa.