Kommunestyremøte i Valle onsdag 18. desember

Onsdag 18. desember klokka 18 samlar kommunestyret i Valle seg for årets siste kommunestyremøte.

Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 18. desember. Her frå eit kommunestyremøte tidlegare i år. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Valle onsdag 18. desember. Her frå eit kommunestyremøte tidlegare i år. Ole Birger Lien

Etter at dei folkevalde har sett på politisk delegeringsreglement skal ein handsame sak om oppgradering av symjehallen. Kommunedelplan Brokke, godkjenning av revidert planprogram, står på sakslista. Dei folkevalde skal elles sjå på mellom anna detaljreguleringsplan Rysstad sentrum, Bjugsbakk, avvikling av Setesdal IKT og rusmiddelpolitisk handlingsplan for Valle og Bykle 2024-2027.

HER er lenke til innkallinga.

Blir strøyma

Møtet blir som alltid strøyma av Valle radio. Overføringa finn ein på heimesida til Valle radio HER.