Kommunestyremøte i Valle onsdag 19. juni.

Kommunestyret i Valle samlar seg i kommunehuset onsdag 19. juni klokka 18 til det siste møtet før sommarferien.

Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 19. juni klokka 18. Her frå møtet i februar. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Valle onsdag 19. juni klokka 18. Her frå møtet i februar. Ole Birger Lien

Før kommunestyret tar til med dei ordinære sakene til handsaming blir det ei orientering frå Agder fylkeskommune ved folkehelsedirektør Vegard Nilsen.

Kulturmidlar

På sakslista står mellom anna ekstraordinær utdeling av kulturmidlar. Bakgrunnen er som me har skrive tidlegare ein datafeil som gjorde at kring halvparten av søknadene som vart sendt inn til Valle kommune forsvann. Ein skal også gå gjennom stønadsordningar for flyktningar, framlegg til kommunal planstrategi 2024-2027, høyringsuttale om nye statlege retningsliner for arealbruk og mobilitet og tilstandsrapport for Setesdal barnevern 2023.

Valle radio er klar til å streame møtet med både video og lyd.

HER er lenke til heimesida til Valle radio.