Kommunestyret i Valle samlar seg onsdag 23. april klokka 10. Her frå møtet i mars.
Ole Birger Lien
Som del av kommunestyremøtet kjem Odd Helge Liestøl frå Åseral for å orientere om ROS Setesdal, som no skal presenterast for kommunestyret. Liestøl har hatt prosjektleiinga for dokumentet, som no skal handsamast vidare i alle kommunestyra i dalen.
Av saker som skal handsamast av dei folkevalde kan ein nemne detaljregulering Øyne aust bustadområde, oppseiing av leasingavtale kommunale tenestebilar, endring i selskapsavtalen Aust-Agder museum og arkiv IKS og endring av møteplanen for november og desember i år.
Valle radio sender som alltid lyd og bilete frå møtet - HER er heimesida til Valle radio.