Kommunestyremøte i Valle onsdag 24. september

Kommunestyret i Valle samlar seg til møte onsdag 24. september klokka 08.30.

Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 24. september. Her frå eit tidlegare møte. Ole Birger Lien

Frå klokka 08.30-09.30 blir det ei orientering om ringverknadsanalyse for hyttebygging i Valle ved Oxford Research. Frå klokka 10-11.30 er det klart for temamøte om arealstrategien i kommuneplanens samfunnsdel. Gunnar O. Lindås hjå Statsforvaltaren og Christi Erichsen Hurlen i advokatfirmaet Lund&Co deltek. Frå 11.30-13 er det arbeidsmøte, før handsaminga av politiske saker tar til.

Frå skule til Unesco-samarbeid

Av politiske saker kan ein nemnde alt frå høyring - skule og tilbodsstruktur for vidaregåande skular i Agder 2026-2030 til veterinærvakttenesta i Setesdal, godkjenning av anbod, vidareføring av interkommunalt Unesco-samarbeid i oppvekst, søknad om prosjektmidlar til Setesdal stavkyrkje og ei budsjettjustering i samband med asfaltering av parkeringsplassen ved Marhyl.

HER ER SAKSLISTA

Valle radio streamer som alltid møtet med lyd og bilete - HER ER LENKE TIL OVERFØRINGA