Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 26. februar. Her frå eit tidlegare møte.
Ole Birger Lien
Før sjølve møtet tar til blir det ei orientering frå Setesdal brannvesen IKS ved dagleg leiar Jan Arild Åkre. Så tar dei folkevalde for seg sakslista.
Kommunestyremøter på dagtid
Etter referatsaker om alt frå Regionplan Agder 2030 til Konsejonskraft IKS, skal kommunestyret mellom anna drøfte om ein skal halde kommunestyremøta på dagtid. Ein skal også drøfte innspel til revisjon av eigarstrategien i Å Energi, og eit framlegg til revidering av retningsliner for støtte til vedomn og varmepumper kjem også på bordet.
Valle Radio sender som alltid med lyd og bilete frå møtet. HER er heimesida til lokalradioen.