Kommunestyremøte i Valle onsdag 29. mai

Onsdag 29. mai samlar dei folkevalde i Valle seg til kommunestyremøte. Det blir både orienteringar og ordinære saker til handsaming.

Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 29. mai. Her frå møtet i februar i år. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Valle onsdag 29. mai. Her frå møtet i februar i år. Ole Birger Lien

Før kommunestyret tar tak i dei politiske sakene blir det to orienteringar. Setpro AS ved dagleg leiar Jan Gunnar Østerhus skal fortelje om verksemda si drift, og frå Aust-Agder museum og arkiv kjem dagleg leiar Ellen Aslaksen.

Budsjettendring for brannvesenet

Av ordinære saker er det mellom anna årsrekneskap og årsmelding frå Valle kommune, og ei budsjettjustering for 2024 for Setesdal brannvesen IKS. Dei folkevalde må elles ta stilling til ein søknad om støtte frå Det Norske Teateret, dei skal gå gjennom og kome med høyringsuttale til Regionplan Agder 2023 og planstrategi, og på sakslista står også revisjon av selskapsavtale for IKT Agder IKS. Desse og fleire saker skal handsamast onsdagskvelden, og for den som vil fylgje møtet men ikkje kan vere til stades i kommunestyresalen er Valle radio på plass med streaming av både lyd og bilete.

HER er Valle radio si heimeside. Der finn ein lenke til streaminga.