Kommunestyremøte i Valle onsdag 29. oktober

Det blir alt frå rekrutteringsprosjekt i Valle og Bykle til høyringsuttale tiltaksplan villrein når dei folkevalde i Valle samlar seg i kommunestyresalen onsdag 29. oktober klokka 10.

Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 29. oktober klokka 10. Her frå kommunestyremøtet i juni. Ole Birger Lien

Ein skal mellom anna gå gjennom prosjektrapport oppvekstreform og tilskotsreglar til bustadbyggjing og renovering. På sakslista elles finn ein alt frå høyringsuttale tiltakspakke villrein, høyringsuttale endring i plan- og bygningslova, forbod mot nedbyggjing av myr, samarbeidsavtale med Norsk Folkehjelp og søknad om auka støtte til Valle IL.

HER ER LENKE TIL INNKALLING OG SAKSLISTE

Møtet blir som alltid overført av Valle radio - HER ER LENKE TIL HEIMESIDA