Det er kommunestyremøte i Valle onsdag 30. oktober. Her frå kommunestyremøtet i september.
Ole Birger Lien
Før dei folkevalde får kome i gang med sjølve sakslista skal dei få to orienteringar. NAV Midt-Agder kjem med leiar Ceclilie Limm Pedersen, og helsetenesta i Bykle og Valle orienterer ved konstituert leiar Kjetil Juva.
Økonomi
Det første kommunestyret får på bordet er finansrapport for 1.- og 2. tertial, i tillegg til økonomirapport for 2. tertial. Ein søknad om midlar til opprusting på Åraksøyne skal handsamast, og finansiering og godkjenning av anbod vassforsyning Espetveit står på lista. Også godkjenning anbod firemannsbustad Leite skal handsamast. Kommunestyret må også ta stilling til om domen frå Agder tingrett, der kommunen var saksøkt i samband med eit erstatningskrav for flytting/riving av ei hytte, skal ankast til lagmannsretten.
Valle radio sender møtet med lyd og bilete. HER finn du heimesida til Valle radio.