Kommunestyremøte med budsjetthandsaming onsdag 27. november

Kommunestyret i Valle samlar seg onsdag 27. november klokka 18. Som siste punkt på ei lang saksliste kjem budsjett 2025 og handlings- og økonomiplan 2025-2028.

Det er kommunestyremøte i Valle 27. november. Her frå møtet i september. - Klikk for stort bileteDet er kommunestyremøte i Valle 27. november. Her frå møtet i september. Ole Birger Lien

Før sjølve kommunestyremøtet tar til er det to orienteringar i kommunestyresalen. Konserndirektør i Å Energi vasskraft, Jan Erik Eldor, kjem. Det gjer også Annbjørg Lien, prosjektleiar i Unesco Setedal. 

Ombyggjing av tannklinikk

I sjølve sakslista finn ein alt frå møteplan for kommunestyret i 2025 til ombyggjing av tannklinikken i Valle, oppgradering av symjehallen og godkjenning av anbod for firemannsbustad i Leite sør. Også ei budsjettjustering for Setesdal brannvesen IKS for 2024 skal på bordet før dei folkevalde til slutt set seg ned og handsamar budsjett og økonomiplan.

 

Sakslista kan ein finne på heimesida til Valle kommune under utvalsmøter HER

Valle radio sender som vanleg med lyd og bilete. HER kan ein få med seg møtet!