Kraftinntekter under press og uvisse kring heieforvaltninga

Under folkevaldopplæringa i Valle tidlegare denne veka kom det fram mykje nyttig informasjon om både kraftpolitikk og heieforvaltning. Optimisme var det likevel ikkje all verda av, til det er framtidsutsiktene alt for uklåre.

Christi Erichsen Hurlen i Lund & Co greia ut om heieforvaltning og villrein. - Klikk for stort bileteChristi Erichsen Hurlen i Lund & Co greia ut om heieforvaltning og villrein. Ole Birger Lien

Dagen på Sølvgarden hotell hadde kome på plass etter initiativ frå Valle kommune. To tema stod på programmet, kraft og heieforvaltning. Til stades var både leiing og representantar for sekretariat i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK), og folkevalde og administrativt tilsette i kommunane Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bygland.

– Kraftinntektene er under stadig press, og opnar me døra for ei omfordeling vil det kunne starte ein prosess me ikkje rår over, sa LVK-leiar Jon Rolf Næss.

I salen nikka mange til den kommentaren. Kraftinntektene er heilt avgjerande for kommunane, og prinsippet om at ein skal få kompensasjon for alle dei omfattande inngrepa som må til for å produsere kraft, står sterkt. Gjennomgangen i seminaret viste til fulle at det heile tida er eit skjeringspunkt mellom Stat og kommune i høve korleis fordelinga skal vere. 

– At dei 160 kommunane i LVK står sterkare saman er det lite tvil om. Me må verne om ressursane våre, slo Næss fast.

Uvisse om heieforvaltning

Andre del av dagen handla om utmark,  areal- og heieforvaltning. Er det Heieplanen som gjeld? Kva skal krevjast for at sentrale styresmakter skal kunne overstyre det kommunale sjølvstyret - eit sjølvstyre som faktisk er grunnlovsfesta? Kor sårbar og utsett er villreinen? Drøftinga viste til fulle at mange er bekymra for utviklinga, der fokus tykkjest gå frå vern og bruk til vern eller bruk. Valle kommune er som mange nok har fått med seg i ein spesiell situasjon. Kommunen gav dispensasjon til oppattbyggjing av ei støylsbu i Finndalen, men Staten sa nei. Saka hamna i Tingretten, der Valle vann fram ved å vise til at ein hadde lagt Heieplanen til grunn i sakshandsaminga. Staten har anka saka, som kjem opp i Agder lagmannsrett i juni. Mange norske kommunar ventar spent på utfallet.

Kring 40 menneske var samla til folkevaldopplæring. - Klikk for stort bileteKring 40 menneske var samla til folkevaldopplæring. Nærast Byglands-ordførar Runar Granheim (t.v.) og Bykle-ordførar Hans Blattmann. Ole Birger Lien