Kranselag for firemannsbustaden i Leite sør

Torsdag vart det skipa til kranselag for firemannsbustaden som er på veg opp i Leite sør i Valle i regi av Valle kommune. Under arrangementet vart det peika på stødig progresjon og eit prosjekt i rute.

Frå venstre: Vidar H. Homme, kommunedirektør i Valle, Øystein Tjessem, Evje Bygg, Magnus Berg, leiar teknisk eining Valle kommune, Geir Helge Solheim, Valle kommune og Lars Tarald Myrum, ordførar i Valle kommune., Eik Prosjekt AS

Med kransen vel oppe på garasjen helsa prosjekt- og byggjeleiar Tone Straume Wikeland velkomen, og retta ei takk til Evje Bygg - ho peika på at i Valle-samanheng er Evje Bygg for lokal entreprenør å rekne, med stadig nye oppdrag i området. Ordførar Lars Tarald Myrum streka under at firemannsbustaden er eitt av fleire steg i det som er ei offensiv satsing på nye bustader, ikkje minst forankra i bustadpolitisk plan. 

Utsikt og kaker

Medan det vart servert kake og kaffi frå Bergtun hotell kom det altså fram at framdrifta er i rute, det står att litt utearbeid før ein tar til innomhus - og bygget skal stå ferdig i midten av mars neste år.

Kranselagsfest for bustadsatsing i Valle kommune. Eik Prosjekt AS Kransen på plass på garasjen til firemannsbustaden i Leite i Valle. Eik Prosjekt AS