Kranselag for nye Valle kultursenter!

Eit femtitals menneske frå entreprenør, prosjektleiing, kommune og det politiske møtte opp då det vart skipa til kranselag for nye Valle kultursenter onsdag i denne veka. Dei frammøtte fekk sjå eit prosjekt i rute der det fleire stader inne alt har byrja å kome på plass teknisk utstyr.

Ordførar Lars Tarald Myrum heldt tale under kranselaget for nye Valle kultursenter. Eit femtitals menneske var til stades. Prosjekthuset AS Prosjekthuset AS

Etter ei grundig synfaring sessa folk seg langs langbord i storsalen, der det var pynta med både kvit duk og levande ljos. Prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS baud velkomen. Det vart servert kake og kaffi, og i sin takketale peika ordførar Lars Tarald Myrum på at det nye bygget blir både ei bygdestoge, ein arena for byggjing av identitet og så mykje, mykje meir. Med seg hadde han også levekårsutvalet i kommunen, styringsgruppa og nøkkelpersonar frå brukargruppene.

Framom og bak skjema

Nye Valle kultursenter ligg framom skjema innomhus, og noko etter utomhus. Arbeidet går radig unna, og HMS-en må vere på plass, ein har unngått arbeidsskadar. Samspelet med born og foreldre og folk elles i området har vore og er godt.  Vegen går altså strak vidare fram mot det alle håpar skal bli ei flott ny storstoge i Vallebygda!

Kva er eit kranselag?

  • Når eit bygg vart reist, var det ein viktig milepæl når konstruksjonen var "tett" – altså når ytterveggar og tak var ferdige slik at bygget var beskytta mot vær og vind.
  • Skikken er kjent frå mellomalderen i Europa og finst i fleire land
  • Kransen representerte lukke, vekst og beskyttelse for huset og bebuarane 

(Kjelde KI)

 

Kake må til på kranselag! Prosjekthuset AS