Kulturarvrådet for Setesdal konstituerte seg!

Sist veke vart historisk då Kulturarvrådet for Setesdalsregionen konstituerte seg på Furuly på Evje.

Kulturarvrådet konstituerte seg sist veke. - Klikk for stort bileteKulturarvrådet konstituerte seg sist veke. Valle radio

Fylkesordførar Arne Thomassen vart vald som styreleiar med Astri Rysstad frå Setesdal Spelemannslag som nestleiar. Likeverdige medlemmer i rådet er kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral, og dessutan Agder fylkeskommune og Setesdal Spelemannslag. Kulturarvrådet skal arbeide for å ta vare på kulturarvsverdiane til folkemusikken og -dansen i Setesdalsregionen i tråd med UNESCOs 2003-konvensjon og partnarskapsavtalen. Rådet skal leggje til rette for og motivere til bruk av folkemusikktradisjonen til beste for heile området. 

Gjennomgang av avtalen

Møtet på Furuly tok til med innslag frå Kulturpatrulja før partnarskapsavtalen vart gjennomgått og det var tid for signering. Annbjørg Lien tok over med ein gjennomgang av prosjektperioden Setesdalsfolk før Astri Rysstad greia ut om søknadsprosessen til Unesco. Leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, fortalde om den svært allsidige interkommunale Unesco-satsinga innan oppvekstsektoren. Frå fylkeskommunen stilte også fylkeskommunedirektør Tine Sundtoft, og påtroppande leiar for avdeling for kultur, idrett og frivilligheit, Ole Magne Skisland. 

Musealt perspektiv

Frå Setesdalsmuseet kom dagleg leiar Hind Helene Harira for å orientere om museet sitt perspektiv på arbeidet med kulturarv. Rita Hansen i SIPR hadde ein bolk om rådet sitt syn på arbeidet før Grete Faremo hadde innlegget “Slik Sæbyggjen ser det”. Som avslutning på ein historisk dag vart det tid for ein dialogrunde om prosjektet, og Anne Tone Hageland, avtroppande fylkeskultursjef, runda av med å minne om tydinga av at alle er likeverdige partar og at samarbeid og fellesskap er avgjerande for å lykkast med arbeidet. 

I kø for å signere partnarskapsavtalen. - Klikk for stort bileteI kø for å signere partnarskapsavtalen. Valle radio