Kulturskulen med to konsertar i Valle onsdag 13. desember

Elevar i Valle kulturskule, her eit knippe av dei frå adventsfeiringa sist helg, er klare med konsertar onsdag 13. desember. - Klikk for stort bileteElevar i Valle kulturskule, her eit knippe av dei frå adventsfeiringa sist helg, er klare med konsertar onsdag 13. desember. Anna Slaby

Onsdag 13. desember står Valle kulturskule for to konsertar - først på Valle bygdeheim og så i Storstoga. Begge konsertane er gratis og opne for alle.

Over 50 elevar

Kulturskulen i Valle har meir enn 50 elevar. Dei tumlar med alt frå song til fele, og alle som har sett dei på scena veit at her er kreativitet og innsats i massevis! På sjølvaste Luciadagen er det først som del av dagsenter på Valle bygdeheim dei kastar seg ut i det. Der tar konserten til klokka 11. Seinare er det i Storstoga dei kjem. Konserten der tar til klokka 16 og held på til 17.15.