Kulturveka i Valle med mange godbitar att!
Kulturveka i Valle, som tok til fredag i sist veke, går slag i slag med små og store arrangement like til og med sundag 19. oktober. Framleis står det mange godbitar att.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.10.2025 13:38
Sist endra 16.10.2025 13:38
Forfattar Ingar Johnsrud held foredrag i Sæbyggjen i kveld torsdag 16. oktober klokka 19.I kveld klokka 19. kjem forfattar Ingar Johnsrud til Sæbyggjen med foredrag for vaksne om barn sine nettvanar. Noreg står midt i ei lesekrise. Leseferdigheitene går tilbake blant born, unge og vaksne. Jonsrud tar også for seg styresmaktene si leselyststrategi. Så, fredag 17. er det klart for Kim Rysstad og gitarist Knut Ingolf Brenna i soknehuset på Rysstad klokka 19. Det er venta mykje folk, så den som vil ha med seg opplevinga bør sikre seg billett tidleg! Kim kjem med alt frå MGP til salmar og ballader, så her blir det noko for dei fleste! Klokka 21. i morgon kveld er det folkemusikkpub på Sølvgarden hotell.
Lauvåsloptet
Laurdag 18. skipar Valle IL til tur til dagsturhytta Lauvåsloptet med start frå Valle sentrum klokka 11. Same dagen inviterer Setesdal bygningsvernsenter til open dag med aktivitetar i bygningsvernsenteret på Rysstad frå klokka 12-15. Sopran Line Jørgensen og pianist Øystein Kikut held konsert i Sæbyggjen sundag klokka 19.