Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn klagast på av dei som etter § 6, bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå kunngjeringsdato. Dei som har klagerett har rett til å sjå saksdokumenta som er arkivert hos vedtaksorganet. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjort.
Ev. klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast og grunngjevinga må omtale namnet eller namneleddet klaga gjeld.
Når ein tek opp ei klagesak gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker som er oppnemnd av Kulturdepartementet.