Kunngjering av vedtak om detaljregulering for Rysstad sentrum Bjugsbakk, planID 202302

Kommunestyret vedtok 18.12.24, sak 142/24, detaljregulering for Rysstad sentrum Bjugsbakk, planID 202302.

Planen legg til rette for etablering av ei ny stavkyrkje på toppen av Bjugsbakk. Stavkyrkja vil bli ein mest mogleg sann kopi av Borgund stavkyrkje og skal plasserast på ei naturleg forhøgning i terrenget. I dag ligg Setesdalsmuseet og Setesdal bygningsvernsenter som etablerte verksemder i området, og skapar og formidlar kulturhistorie. Bakgrunnen og hovudformålet med planarbeidet er den nye stavkyrkja. Det er samstundes viktig å sjå stavkyrkja og resten av området under eitt, slik at dagens verksemder kan vidareutvikle seg, både med tanke på bygningsmasse og trafikale løysningar. Planforslaget sikrar moglegheita for å kunne flytte gamle bygg frå andre plassar til Bjugsbakk. Slike bygningar må ha eit klart føremål om formidling av kulturhistorie og/eller historisk byggeskikk.

Reguleringsplanen vil bidra til at område kan fortsetje å utvikle seg som ein viktig plass for formidling av kultur og kulturhistorie i Setesdal.

 

Klagefrist er 24.januar.2025 og kan sendast til Valle kommune:

Adresse: Postboks 4, 4746 Valle

E-post: post@valle.kommune.no 

 

Saksdokument og plankart finnast i planregisteret HER