Marie J. Pedersen, konsulent i Valle kommune, vedgår at det blir rart å ikkje ha publikumskontakt meir etter 15. april. Då tar KI over velkomstsenteret i Valle kommune.
Ole Birger Lien
Bakgrunnen for omlegginga er fleirdelt. For det første er tiltaket ei effektivisering.
– Me ser at tilsette brukar alt for mykje ressursar på kontakt med publikum. Det kan vere triveleg, men er ikkje rasjonell drift av organisasjonen. Ved overgang til KI reduserer me ressursbruken med minst 30%, seier kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme.
Han strekar under at svartid og vidareformidling også vil betre seg etter omlegginga.
– Ein chat-robot vil aldri vere prega av stress eller dagsform, det vil alltid vere prompte svar ut. Situasjonar med irriterte eller utolmodige menneske i andre enden av tråden vil også bli eit ikkje-tema, KI lar seg ikkje stresse, peikar han på.
Må registrere seg som brukar
På grunn av krav knytta til personvern må alle som skal kontakte Valle kommune via den nye løysinga registrere seg som brukar.
– Dette kan opplevast som tungvint, men bakgrunnen er krav me ikkje slepp unna, seier kommunedirektøren.
Han legg til at opningstidene for publikumskontakt blir døgeret rundt etter omlegginga i og med at alt skal gå føre seg digitalt.
– Blir rart
Marie J. Pedersen, konsulent i Valle kommune, vedgår at det blir rart å ikkje skulle ha kontakt med publikum meir.
– Så blir det ein enklare kvardag der ein kan konsentrere seg om andre oppgåver og bruke tida effektivt. Eg ser fram til at løysinga blir innført, og er sikker på at etter ein overgangsperiode blir folk vande til dette, seier ho.
Vil du registrere deg slik at du kan ha kontakt med Valle kommune også etter 15. april?
Her er lenke for registrering