Kurs i bruken av hjartestartar i Vallehalli måndag 5. mai
Rundt om i Valle kommune er det plassert ut fleire hjartestartarar - men kan du bruke ein slik?
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.05.2025 08:11
Sist endra 02.05.2025 08:11

Måndag 5. mai klokka 17 kan alle som vil det kome i Vallehalli og få kurs i nettopp bruk av hjartestartar.
Ope for alle
Kurset er ope ikkje bare for dei som nyttar hallen, men for alle som vil lære seg korleis ein skal bruke ein hjartestartar - eller har lært det tidlegare og treng ei oppfrisking. Det kostar ingenting å vere med.