Kvitebjørn Kong Valemon i Sæbyggjen laurdag 6. september
Med framsyninga Kvitebjørn Kong Valemon skipar Valle bibliotek og Folkeakademiet Valle til ein samankomst for heile familien i Sæbyggjen laurdag 6. september klokka 11.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 02.09.2025 13:52
Sist endra 02.09.2025 13:52

Det er gratis inngong og ope for alle. Det kjende folkeeventyret handlar om ei kongsdotter som inngår ein avtale med ein isbjørn for å få ein gullkrans ho har drøymt om. I slottet til bjørnen oppdagar ho at bjørnen eigentleg er ein forheksa prins, og som ein forstår blir det mykje spenning ut av ein slik historie!
Oppteikna i Setesdal
Kunstmålaren August Schneider skal ha skrive opp eventyret etter Thore Aslaksdotter (født 1832) hausten 1870. Informanten var såkalla daglønerske på bruket Dalen i søndre Austad i Bygland, så det er eit eventyr med lokale røter ein her får eit innblikk i.