Laurdagsope i biblioteket i Sæbyggjen 1. november
Det har vore krøll med dei tekniske løysingane for såkalla meirope bibliotek i Valle. No fungerer teknikken, og i pur glede blir det skipa til laurdagsope bibliotek i Sæbyggjen 1. november.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 31.10.2025 13:21
Sist endra 31.10.2025 13:21
Biblioteksjef i Valle kommune, Julie Iversen Solheim, håpar at mange kjem innom til laurdagsope bibliotek i Sæbyggjen 1. november frå klokka 11.
Ole Birger Lien
Biblioteket kjem til å vere bemanna frå klokka 11-14.
– Me har kjøpt inn fleire nye brettspel, så no håpar me at mange legg turen innom biblioteket laurdag, seier biblioteksjef i Valle kommune, Julie Iversen Solheim.
Ordinære opningstider:
Måndag: kl. 11:00 – 16:00
Tysdag: kl. 11:00 – 16:00
Onsdag: kl. 11:00 – 16:00
Torsdag: kl. 11:00 – 17:00
Fredag: kl. 11:00 – 15:00
Laurdag: STENGT
Sundag: STENGT
Biblioteket er meirope kl. 07:00 – 23:00.
15 års aldersgrense (gjeld frå det året ein fyller 15). Er ein mellom 15 og 18 må ein ha med ein føresett for å få tilgang.