Legekontora i Valle og på Hovden stengde visse dagar i februar

På grunn av personalmangel blir det samdrift ved legekontoret i Bykle for alle i kommunane Valle og Bykle somme dagar i februar.

Legekontoret ved Bykle sjukeheim er einaste opne legekontor i Bykle og Valle to korte periodar i februar. - Klikk for stort bileteLegekontoret ved Bykle sjukeheim er einaste opne legekontor i Bykle og Valle to korte periodar i februar. Ole Birger Lien

Samdrifta gjeld periodane 8.-9. februar og 14.-16. februar. Dei dagane er det altså ikkje ope ved legekontoret i Valle eller på Hovden. Telefonnummeret til legekontoret i Bykle er 37938670.