Lene Christine Ødeskaug vann nissetevlinga!

Godt over 100 personar deltok på Valle kommune-tevlinga om den godt maskerte jolenissen i romjola. Vinnaren er Lene Christine Ødeskaug frå Valle.

Lene Christine Ødeskaug vann hemmeleg nisse-tevlinga i Valle kommune. - Klikk for stort bileteLene Christine Ødeskaug vann hemmeleg nisse-tevlinga i Valle kommune.

39-åringen kan difor vente seg ein premie frå Valle kommune - i tillegg sjølvsagt til alt av heider og ære sigeren fører med seg! 

Kan kome meir

Med over 100 innkomne svar må ein konkludere med at mellom spa og lefse, samankomstar og late dagar, så har folk sans for litt uhøgtidelege tevlingar! Det betyr at det truleg ikkje er siste gong Valle kommune utfordrar bygdefolk og andre interesserte på dette viset!