Leseglade 5. klassingar ved Valle skule!

Med eigne lesetimar og massevis av leseglede går 5. klassingane ved Valle skule mot straumen og dystre statistikkar med tanke på born og lesing - dei er vaskeekte lesehestar!

I 5. klasse har heile året vore prega av lesing og leselyst. I klasseromet har det vakse fram eit tre, med fargekodar for dei ulike månadene. Elevane har sjølve fått velje litteratur, og lærarane har sett av tid til leseprosjektet.

– Kvar månad har ein eigen farge, og elevane har fått vere med og vurdere kor mange blad ei bok er verdt. Om dei vel ei bok som utfordrar, til dømes på lengde eller liten tekst, får dei fleire blad for den, seier kontaktlærar Tora Åkre Lund.

Klassen har tevla mot seg sjølv, og prøvd å sette eigne månadsrekorder gjennom skuleåret.

Oppdaga nye sjangrar

Elevane har tipsa kvarandre om gode leseopplevingar, og det har gjeve resultat. Fleire har oppdaga heilt nye sjangrar.

– Eg las helst fantasy før. No les eg meir om ting som faktisk kunne ha skjedd, seier Lisbet.

– I byrjinga av 5. klasse las eg helst faktabøker. No les eg krim også, fortel Ola.

Elevane har utfordra seg sjølv og medelevane. Det har resultert i meir krevjande, men også meir gjevande, leseopplevingar.

– Eg vel tykkare bøker no, fordi det løner seg, seier Audny.

Motiverande

I takt med at lesetreet i klasseromet har vakse, har motivasjonen i klassen auka.

– Det er dette som gjer klasseromet til vårt, meiner Lisbet.

Nest siste skuleveke vart treet rydda ned, og blada talte opp. I alt 1379 blad på 10 månader lar seg verkeleg høyre frå aktive lesehestar på Valle skule! Resultatet vart feira med popcorn og film. No ser elevane fram til 6. klasse. Kva målet då er? Å slå alle leserekordane, sjølvsagt!