Like før golvstøyp i nye Valle kultursenter
Arbeidet med nye Valle kultursenter går framover med faste steg. Ein vinter med lite snø og tidleg vår har også gjort sitt til at progresjonen har vore god.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.03.2025 13:14
Sist endra 25.03.2025 08:10
Underlaget for golv i dusj/garderobe kjem på plass.
Prosjekthuset AS
Betongarbeidet held fram samstundes som at Uppstad VVS har kontroll på røyrarbeidet. No er verksemda i gang med botnleidningane i underetasjen som skal vere klare før golvstøypen i neste veke. I tillegg kjem det røyr for vassboren varme i golva.
Snart i mål med betongen
Dei fleste veggane er no støypt, om to-tre veker er alt av betongarbeid på plass. Lindland maskin er i gang med å fylle inntil betongveggane og inni byggegropa. Denne veka er Sørmaskinering på plass og sveisar innfesting til holdekker og søyler.
– Arbeidarane held god orden på byggeplassen, og det er høg fokus på tryggleiken over heile lina, seier prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.
Geir Uppstad i Uppstad VVS (t.v.) og betongformann i PK, Kjetil Brunvatne.
Prosjekthuset AS