Livleg på joleball i Valle juniorklubb!

Born og unge i Valle juniorklubb hadde det moro med joleball tidlegare denne veka!

Joleball i Valle juniorklubb. - Klikk for stort bileteJoleball i Valle juniorklubb. Liv Åkre Trydal.

På menyen til ballet stod det taco, guacamole og dessert. Med Eliezer, Liv og Ingrid i sving som “støtteapparat” fekk ungdomane både kose seg med maten og ikkje minst med ulike tevlingar med flotte premiar. Juniorklubben spanderte alt denne kvelden, og spesielt tevlingane fekk stemninga opp.