Ljosa på plass i jolegrana ved barnehagen i Valle!

Me skriv 1. desember, og adventstida er i gang. Det er bygd og grend i kommunen prega av.

Ljos på jolegrana ved Valle barnehage. - Klikk for stort bileteLjos på jolegrana ved Valle barnehage. Ole Birger Lien

Valle barnehage er ein grei representant i så måte, med tindrande ljos på jolegrana utanfor hovudinngongen. Også elles i bygda kjem det stadig fleire ljos og ikkje minst adventsstjerner opp. Det same gjeld sjølvsagt i Hylestad.

Stor adventshelg

Både i Valle og Hylestad er det mykje moro på gong denne første adventshelga i 2023. I Hylestad er det jolegateopning bygda gjennom fredag 1. desember, med den tradisjonelle marknaden utanfor Sølvgarden hotell klokka 16. Dit kjem også brannbamsen Bjørnis, for 1. desember er også røykvarslaren sin dag! Det spørs om ikkje jolenissen også dukkar opp på marknaden på Rysstad i løpet av ettermiddagen.

Open hall

Laurdag er det open hall i Valle kultursenter, kunstverkstad og dans, bollar og kakao og mykje moro i Valle sentrum. Ljosa på jolegrana skal tennast, og det blir fakkeltog opp til Valle bygdeheim. Sjølve 1. sundag i advent blir det ljosmesse i Hylestad kyrkje, fakkeltog opp til museet og mange spennande ting på programmet der, mellom anna framsyning av Snekker Andersen. Kulturskulen og leikarringen har også flotte innsmett på gang!