Lokale og lite nytta lånekort til biblioteket blir snart sletta

Biblioteket i Valle skal over i nytt system, og i ommleggjinga kjem det som er av lokale lånekort som ikkje har vore i bruk dei siste to åra til å bli sletta.

– Det er gjort på ein-to-tre å skaffe seg nasjonalt lånekort, og ein kan få det her i Valle, seier bibliotekar Aud Kjersti Torbjørnsen.

Bibliotekar Aud Kjersti Torbjørnsen minner om at lokale lånekort som ikkje er i bruk blir sletta etter to år. Nytt nasjonalt lånekort er det enkelt å få på biblioteket i Valle. - Klikk for stort bileteBibliotekar Aud Kjersti Torbjørnsen seier at lokale lånekort som ikkje har vore i bruk dei siste to åra snart blir sletta. Nytt nasjonalt lånekort er det enkelt å få på biblioteket i Valle. Ole Birger Lien

Årsaka til at ein del lokale lånekort blir sletta er at ein ynskjer ikkje “daude” kort med inn i det nye systemet.

– Mange har budd her i ein periode, og fekk lokalt lånekort. Så har dei reist, og kortet er ikkje i bruk. Andre har slutta å lese bøker, eller i alle fall ikkje nytta kortet sitt dei siste to åra. Slike kort blir altså ikkje med vidare, seier Torbjørnsen.

Kjapt å få nytt kort

For den som vil ha lånekort, er det nasjonalt lånekort som gjeld. Dette er gratis, og ein får det kjapt og enkelt på biblioteket i Valle.

– Hugs bare at ein må ha med seg legitimasjon. Nasjonale lånekort kan ein nytte rundt om i heile landet, og det er slike kort ein må ha når me etter kvart går over i skybaserte tenester, seier Aud Kjersti Torbjørnsen.