Lyrikksalong med Jakob Sande-stoff i Sæbyggjen

Det blir forteljingar om og dikt av Jacob Sande når skodespelar Fredrik Høstaker frå Kilden Teater i Kristiansand kjem til Sæbyggjen i Valle torsdag 13. november klokka 19.

Sande vaks opp i Fjaler, ikkje langt frå der Høstaker sjølv kjem frå. Det er difor ikkje så unaturleg at det er nettopp han som kjem til Valle med både forteljingar om Sande og ikkje minst ei handfull kjende og mindre kjende Sande-dikt. 

Gratis for ungdomen

I tillegg til lyrikken får ein servert kaffi, te og twist. Inngong kostar 150 kr., men ungdom til og med vidaregåande skule slepp inn gratis. Det er Kilden Teater som skipar til arrangementet i samarbeid med kultur og fritid i Valle kommune.