Mange fekk med seg fotballkveld i Sæbyggjen

Valle kommune og dei ukrainske flyktningane skipa til fotballkveld i Sæbyggjen i samband med EM i fotball. Sjølv om resultatet ikkje var til å juble over, vart det ein triveleg samankomst.

Spenning i Sæbyggjen før kampen tok til. - Klikk for stort bileteSpenning i Sæbyggjen før kampen tok til. Birgit Homme Harstad

Ukraina spelte uavgjort 0-0 mot Belgia, og rauk ut av EM til tross for at laget sikra seg fire poeng i gruppa. I Sæbyggjen var det likevel fellesskap og idrettsglede det handla om. På prosjektor vart filmen vist med framifrå både bilete og lyd - om det ikkje var “som å vere på stadion”, var det nok det næraste ein kunne få til i indre Agder denne kvelden!

Mange med

Både ukrainarar og bygdefolk møtte opp til fotballkvelden. I tillegg til spenninga på grasmatta vanka det alt frå potetgull til frukt og ukrainske kaker på store og små. Samlinga i Valle, der bygdefolk og flyktningar fann saman og hadde det triveleg, må vere akkurat i den ånden eit EM i fotball er meint å vere!

Samlinga i Sæbyggjen var for store og små! - Klikk for stort bileteSamlinga i Sæbyggjen var for store og små! Birgit Homme Harstad