Mange fekk med seg slåttedagen på Rygnestad

Det vart folksomt då Valle kommune i samarbeid med Statsforvaltaren i Agder skipa til slåttedag på Rygnestad i Valle sist laurdag som del av den årvisse slåttedagen i regi av Setesdalsmuseet.

Mange fekk med seg slåttedagen på Rygnestad. - Klikk for stort bileteMange fekk med seg slåttedagen på Rygnestad. Knut Gunnar Brokke Solli

I år var det også 15-årsjubileum for Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL), der Rygnestad er eit slikt UKL-område. Dette er område med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, forma av langvarig tradisjonell bruk. Målet med UKL-satsinga er å sikre langsiktig forvaltning ved at folk tar i bruk og held i hevd områda.

Ljåslått

Det vart tid til både ljåslått, sliping og bryning før det vart orientert om UKL. Det var så open gard for born og barnefamiliar, der dei yngste mellom anna fekk prøve seg på hesteryggen hjå Hege Rygnestad. Over 100 menneske samla seg til den innhaldsrike dagen.

Mange på vandring

Mange vart med på vandring i UKL-området med Åse Ingebjørg Flateland som guide. Det var stopp ved spesielle bygningar og der det er spennande biologiske kvalitetar å sjå. Det var også lagt inn tur til grendehuset på Flateland som del av vandringa. På vegen vitja fylgjet Uppistog gard med gardsutsal, geiter og mykje å sjå. Ved endestasjonen på Flateland vart det servert suppe til store og små. Ein sers vellukka dag i aldeles strålande sommarver!