Mange gode innspel til alt frå kommuneplan til kommunedelplan Brokke og tiltak villrein under sauesjå

Valle kommune hadde eigen stand under sauesjå der folk flest kunne kome med innspel både til arbeidet med kommuneplanen, kommunedelplan Brokke og ikkje minst tiltaksplanen for villrein. Mange tok turen innom standen.

Rådgjevar næring og forvaltning Åse Ingebjørg Flateland og kommunedirektør Vidar H. Homme på Valle kommune sin stand på sauesjå. Valle kommune

Standen var skipa til både fordi det i prosessane knytta til kommuneplanen og kommunedelplan Brokke er eit viktig moment med medverknad, og fordi kommunen skal vedta eit høyringssvar til tiltaksplan for villrein og ynskjer å få bygdefolket i tale før svaret blir endeleg utforma.

– Då er det svært positivt å sjå at såpass mange ville innom. Engasjement og medverknad går hand i hand. Jo fleire som bidrar, jo meir forankra blir resultatet, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Ulike høve til medverknad

På sauesjå kom mange innspel som kommunen tar med vidare i dei ulike prosessane. Standen var eit av fleire tiltak for å sikre medverknad - ein har tidlegare skipa til alt frå innbyggjarverkstader til opne folkemøter - alt etter om det har handla om planprosessar eller villrein. Høyringsfristen på tiltaksplanen for villrein er 31. oktober. Kommunestyret handsamar saka 29. oktober.