Mange har gjeve klede til flyktningane i Valle
Gjevargleda har vore stor etter at det vart kjent at flyktningane i Valle hadde behov for klede.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.04.2024 13:02
Sist endra 03.04.2024 13:02
Flyktningekonsulent i Valle kommune, Birgit Homme Harstad.
Ole Birger Lien
Flyktningekonsulent Birgit Homme Harstad har sortert plagg etter plagg.
– Mange har kome, og hatt med seg mykje fint. Her er klede både til små og store. Klart det er moro med ein slik respons. Det er godt å sjå at bygdefolket stør opp om å hjelpe, seier ho.