Mange med på villreinmøte i Valle
Villreinmøtet i Valle har akkurat kome i gang, og det er svært godt oppmøte i Sæbyggjen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.02.2024 18:03
Sist endra 05.02.2024 18:41
Mange vil ha med seg villreinmøte i Sæbyggjen måndag kveld.
Ole Birger Lien
Ordførar Lars Tarald Myrum har helsa folk velkomne, og no er det straks klart for deltaking frå stortingsrepresentant Gro-Anita Mykjåland. Ho er med på Teams og klar til å fortelje om vegen vidare for saka i departement og på Stortinget.
Konsekvensar
Seinare får advokat i Lund & Co, Christi Erichsen Hurlen, ordet. Ho ser på moglege konsekvensar av dei ulike tiltaksplanane knytta til villreinen, før Valle-ordføraren får ordet att. Han skal orientere om korleis Valle kommune no fylgjer saka vidare, før det blir opna for spørsmål og innspel frå salen.