Mange på næringsfrukost i kommunestyresalen i Valle

Eit tredvetals menneske møtte opp til næringsfrukost i kommunehuset i Valle veka før jol.

Mange møtte opp til næringsfrukost i Valle. - Klikk for stort bileteMange møtte opp til næringsfrukost i Valle. Ole Birger Lien

Næringsfrukosten var ein av dei som regel fire slike arrangement i året i Valle kommune. 

– Me plar skipe til to i Valle og to i Hylestad. Målet er både å informere lokalt næringsliv, men også sikre ein god dialog året gjennom, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Ordførar Lars Tarald Myrum helsa velkomen før Homme tok for seg ordninga knytta til straumstøtte for perioden september og ut året. Endringar gjer at støtte no er basert på time for time og pris der og då, ikkje eit snittforbruk.

– Me utfordra verksemdene på å skaffe dokumentasjon på faktisk forbruk og pris, målet er at støtta dei til slutt får skal vere så reell som råd, seier kommunedirektøren.

Om investeringar

Han tok vidare for seg planlagte investeringar i 2024.

– Sjølvsagt med atterhald om endelege vedtak i kommunestyret, men for å orientere lokale verksemder om oppdrag som er i kominga. Me håpar sjølvsagt at lokale verksemder skal vinne så mange anbod som råd, slår Homme fast.

Under møtet vart det også orientert om kommunen si nye nettside, med spesiell fokus på næring. I siste bolken vart det opna for innspel og spørsmål. Det kom fram at sjølv om det lokale næringslivet no merker at det er noko rolegare, er det ei god tru på framtida. Unnataket var kanskje representantane for landbruket, som ikkje la skjul på ei viss bekymring knytta til rammebetingelsar framover.