Mange vil vere kulturskulelærar i Unesco-kommunane!

Det er lyst ut stilling som kulturskulelærar i Unesco-kommunane Bygland, Valle og Bykle, og interessa er stor!

– Me er strålande nøgde med å ha fått så solid respons. No går prosessen vidare med sju søkarar, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Mange vil bli kulturskulelærar i Unesco-kommunane Bygland, Valle og Bykle. - Klikk for stort bileteMange vil bli kulturskulelærar i Unesco-kommunane Bygland, Valle og Bykle. Ole Birger Lien

Stillinga er i utgangspunktet eit treårig prosjekt, men det er god sjans for å få forlenga oppdraget. 

– I 2019 var me så heldige at spel, dans og song i Setesdal vart innlemma på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Dette har skapt spennande mogelegheiter for kommunane i Setesdal. Ei “gulrot” for den eller dei som får stillinga må det vere at Landskappleiken for første gong i historien skal skipast til i Setesdal, på Hovden i juni 2026. Det blir eit heidundrande høgdepunkt både for utøvarar og alle andre som har med folkemusikk å gjere, seier Nyberg.

Tilsetting i løpet av april

Prosessen går no vidare med intervjurundar. Den eller dei som får stillinga må vere klare til skulestart i kulturskulane i alle dei tre kommunane i august.

– Målet no er tilsetting i løpet av april, seier Torunn Charlotte Nyberg.