Manglande baseoppgradering både i Valle og Bykle

Nkom (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) varslar millionbot til Telia for manglande baseoppgraderingar i 39 av 58 kommunar verksemda har meldt inn at oppgraderingane er gjennomført i. To av kommunane er Valle og Bykle.

Svein Scheie i Nkom stadfestar at oppgradering av basestasjon i Valle kommune ikkje er fullført. Nkom

Fædrelandsvennen skriv at Telia har rapportert inn arbeidet som fullført - men at det likevel viser seg at basestasjonane ikkje er oppgraderte i høve krava.

– Eg kan stadfeste at to av kommunane dette gjeld for er Valle og Bykle, seier avdelingsdirektør i Nkom, Svein Scheie.

Forsterka ekom

Oppgraderingane av basestasjonane handlar mellom anna om såkalla forsterka ekom - noko som skal sikre at mobildekninga skal fungere i minst 72 timar viss straumen, og difor også mobilnett og internett, blir borte over tid. Nkom varslar bot på 10 mill. kr. til Telia. Verksemda får frist til 1. november med å fullføre alle forsterkingstiltaka - om arbeidet då ikkje er fullført varslar Nkom dagbøter på 5000 kr. per kommune som står att.