Midt-Agder friluftsråd sitt tretelt i Marhyl er ope for bruk frå 25. juni.Utfordrande grunnforhold har ført til at gravearbeidet i samband med nytt sanitæranlegg i Marhyl tar noko meir tid enn ein hadde tenkt. Det blir graving også neste veke, med eventuell finpuss veka etter. Så er altså badeplassen likevel tilgjengeleg.
– Det er avtalt med entreprenør at området kan brukast, men litt begrensa med parkeringsplassar kan det bli. Me oppmodar alle om å vise omsyn til kvarandre, så skal dette gå seg til, seier Geir Helge Solheim i Valle kommune.
Han minner om at med tanke på parkering så må ingen plassere bilen slik at badeplassen og vegen ned blir sperra for utrykningskøyretøy.
Tretelt ope for bruk
Midt-Agder friluftsråd sitt tretelt er ope for bruk frå onsdag 25. juni og like fram til 10. august. Dei to mobile toaletta i Marhyl kjem på plass i løpet av i dag fredag 20. juni.