Masterstudentar med innbyggjarverkstad i Valle som del av arbeidet med kommuneplanen

I samband med arbeidet med kommuneplanen skal det skipast til innbyggjarverkstad i Sæbyggjen 20. oktober med beredskap som tema. Det er 14 masterstudentar frå Universitetet i Agder (UIA) som tar seg av sjølve innbyggjarverkstaden.

Masterstudentane på omvisning i Brokke-området. UIA

Masterstudentane på Samfunnsplanlegging, sted og prosess ved UIA har ansvar for den siste bolken på samlinga i Sæbyggjen 20. oktober klokka 17 - innbyggjarverkstad med fokus på beredskap. I forkant av samlinga i Valle har dei vore rundt i kommunen på synfaring i lokalt næringsliv. Dei vitja mellom andre Otra kraft DA, Setesdalsmuseet, Rysstad i Vekst og Brokke alpinsenter, og dei fekk ei omvisning i Brokke. Dei fekk også ei orientering om Valle kommune og kommunale aktivitetar.

Kommunen orienterer

Første del av samlinga 20. oktober blir starta med ei orientering frå Valle kommune, før Bengt Eirik Henriksen frå statsforvaltaren har eit 45 minuttar langt foredrag om totalberedskap. På slutten av den bolken blir det tid for spørsmål og svar, før sjølve innbyggjarverkstaden tar til.

– Me håpar på godt oppmøte og mykje engasjement, seier prosjektleiar for kommuneplanen, Kay Arne Søgaard.