
På Facebook vart det nyleg posta eit innlegg med datoar og tidspunkt som det vart ei viss uklårheit rundt. Fakta er at det måndag 20. oktober klokka 17 blir skipa til innbyggjarverkstad i Sæbyggjen med beredskap som tema. Denne verkstaden blir skipa til i samband med arbeidet med kommuneplanen. Tysdag 28. oktober klokka 18-20 er Valle kommune på banen igjen, no med eit møte med lokale lag og foreiningar i kommunestyresalen i kommunehuset. Møtet er del av prosessen knytta til samfunnsdelen i kommuneplanen.
Møter næringslivet
Også lokalt næringsliv, inkludert landbruk og reiseliv, skal få seie sitt til kommuneplan-arbeidet. Torsdag 6. november klokka 18 er det møte på Sølvgarden hotell. Programmet er framleis under utarbeiding, men hovudfokus er at Valle kommune ynskjer innspel frå næringslivet til arbeidet med kommuneplanen.
– Det har vore mange treffpunkt, og som ein ser er fleire i kominga. Årsaka er enkel. Me ynskjer å forankre planprosessar og til slutt planar lokalt. Både bygdefolk og næringsliv har tankar og engasjement rundt kva Valle kommune skal vere i framtida - planprosessane skal finsikte dette og ende opp i planar så mange som råd kan slutte seg til. Eg gler meg over godt oppmøte og engasjement på møta me har hatt, og håpar at den oppslutninga skal halde fram, seier kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme.