Meir helgeopen hall i Valle
Etter eit svært vellukka forsøk med helgeope og ubemanna i Vallehalli i påska, blir no ordninga med helgeopen hall i Valle vidareført.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.04.2025 12:54
Sist endra 05.06.2025 12:42
Ordninga med helgeope og ubemanna i Vallehalli blir vidareført etter eit vellukka forsøk i påska.I påska var hallen i Valle open og ubemanna fleire dagar. Folk var flinke til å rydde etter seg, og alt gjekk svært bra. Det blir no altså difor ei vidareføring - og Vallehalli blir open fredagar frå klokka 15-20, og laurdagar og sundagar mellom klokka 08-20.
– Så håpar og trur me at folk også no vil bidra til at dette skal fungere. Viss folk tar eit felles ansvar for rydding og å vere med på å gjere Vallehalli til ein trygg og triveleg møteplass, kan dette tilbodet vere til glede for mange, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.
Spesielle arrangement har førsteretten
I dei tilfelkla der skal vere spesielle og planlagte arrangement i hallen, vil desse ha førsteretten. I aktivitetskalenderen på heimesida til Valle kommune kan ein fylgje med og finne ut om det er ledig i hallen. I skrivande stund er det bare ein dato i vår der hallen ikkje er ledig, det er 23. mai då det skal vere allidrett der.