Meirope bibliotek i Valle kan bli ope for endå fleire!

Det er i dag såkalla meirope bibliotek i Valle. Det betyr at frå 08 om morgonen like til 23 om kvelden kan ein sleppe inn med eige nøkkelkort. No blir ordninga snart utvida til også å gjelde 9. klassingar.

Bibliotekar Aud Kjersti Thorbjørnsen melder om stor aktivitet i biblioteka i Valle kommune. - Klikk for stort bileteBibliotekar Aud Kjersti Thorbjørnsen melder om stor aktivitet i biblioteka i Valle kommune. Ole Birger Lien

I dag er det alle frå 10. klasse og eldre som kan gjere seg nytte av ordninga. Snart skal altså også leseglade 9. klassingar få sjansen.

- Det er vedteke å innføre ordninga, men me avventar at ungdomsrådet får på plass nye reglar for bruken, seier kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Stor pågang

Bibliotekar Aud Kjersti Thorbjørnsen melder om mykje aktivitet i biblioteket.

– Folk i alle aldrar er aktive brukarar, og ungdomen er sterkt til stades. Skulane brukar også biblioteket godt, seier ho.

Meirope bibliotek også for 9. klassingane skal altså på plass så fort reviderte og nye reglar for bruk er på plass. Dei reglane skal ungdomen sjølv vere med å utarbeide. Det seier seg sjølv at med meirope bibliotek der ein kan få tilgang også når det ikkje er tilsette til stades, så set det krav til både oppførsel og ikkje minst orden.