Meirope bibliotek i Valle stengt inntil vidare etter branntilløp i offentleg toalett tysdag kveld
Ordninga med meirope bibliotek i Sæbyggjen i Valle sentrum er stengt inntil vidare etter branntilløp i eitt av dei offentlege toaletta i bygget tysdag kveld.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 26.03.2024 20:34
Sist endra 26.03.2024 20:34
Meirope bibliotek i Sæbyggjen i Valle er stengt inntil vidare etter branntilløp i eitt av dei offentlege toaletta i bygninga tysdag kveld.
Torunn Charlotte Nyberg
Brannmannskapar frå Setesdal brannvesen IKS fekk raskt kontroll på brannen. Biblioteket skulle etter planen ikkje ha ope i ordinær opningstid i morgon på grunn av eigne opningstider i påska, men no blir altså heller ikkje tilbodet om meirope bibliotek aktuelt onsdag 27. mars.
Ny vurdering i løpet av morgondagen
– Det blir teke ei ny vurdering rundt kva tid biblioteket kan opne att i løpet av onsdagen, seier kommunedirektør i Valle kommune, Vidar H. Homme.