Meldinga om kontroll av beredskapslager var aprilspøk!

Mange, men slett ikkje alle, forstod at meldinga på heimesida i går om krav om kontroll på beredskapslager i heimane var ein aprilspøk. 

Me skreiv at råda som har kome frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) hadde blitt eit statleg krav - og at no må kommunane i gang med kontroll heime hjå folk. Så var det altså å overdrive det heile. Råda om eit eigenberedskapslager heime skal ein så absolutt ta på alvor - kontrollar frå kommunalt tilsette blir det likevel ikkje.

HER kan ein lese meir og sjå kva DSB meiner ein må ha på lager heime.