Merkeleg fenomen "pyntar opp" i bygdene
Eit fenomen har over tid vore med på å “pynte opp” i bygd og grend i Valle kommune - lorteposar som blir hengt opp på alt frå gjerde til dei flotte lafta busskura rundt om i kommunen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.11.2025 09:43
Sist endra 06.11.2025 09:44
Døme på "pynting" på Rysstad. Biletet vart teke for få dagar sidan.
Ole Birger Lien
Dei fleste som går tur med hunden har med ein liten pose til å samle opp det hunden eventuelt måtte sleppe frå seg på turen - i alle fall viss turen går langs asfalterte vegar og stader der andre skal fote seg. Så har det i lang tid blitt observert at somme i staden for å ta posen med seg og i rett avfallsdunk har ei noko anna tilnærming - dei heng posane opp! Bare den siste tida har det kome “pynt” både på det lafta busskuret midt på Rysstad og på to gjerde langs vegen nordover mot sentrum.
Lenge til advent
I og med at det er eit bel til advent, stussar fleire over “bygdepyntinga”.
– Spøk til side, sjølvsagt skal søppel som dette kastast, ikkje hengast opp i bygda. Eg er også litt usikker på kven dei som gjer dette meiner bør rundt og samle inn avfallet. Eg håpar at frå no tar alle med seg slikt heim og får kasta det på skikkeleg vis. Valle kommune kan ikkje ha ansvar for å hente inn dette, seier leiar teknisk eining i Valle kommune, Magnus Berg.