Møte med eit levande oppslagsverk i Sæbyggjen!

Hans Olav Lahlum sitt foredrag om Reiulf Steen i Sæbyggjen i Valle tysdag kveld vart som det alltid blir med denne karen eit møte med eit levande oppslagsverk. I halvannan time doserte historikaren om ein av dei mest markante Ap-politikarane på 1900-talet - og det så og seie utan ein einaste jukselapp.

Hans Olav Lahlum leverte eit solid foredrag i Sæbyggjen tysdag. - Klikk for stort bileteHans Olav Lahlum leverte eit solid foredrag i Sæbyggjen tysdag. Ole Birger Lien

– Dette er min favoritt! Han skriv bøker. Han skipar til krimfestival. Og lar meg køyre han hit og dit, sa Sissel Åkre i Valle folkeakademi då ho skulle introdusere Lahlum.

– Ein av dei mest originale introduksjonane eg har fått i år. Det passa i grunnen bra sidan eg vel er rekna som ein original sjølv, sa Lahlum, og sette tona for det som vart eit interessant, informativt og morosamt foredrag som del av kulturveka i Valle.

Oppturane og tragediane

Hans Olav Lahlum, historikar, forfattar og sjakkekspert, kom til Valle med foredrag basert på biografien han skreiv om Reiulf Steen og som vart gjeven ut i 2019. Han lova eit foredrag om oppturane og tragediane, og akkurat det leverte han. Lahlum fortalde om ein Reiulf Steen som vart fødd inn i tronge kår i ein arbeidarfamilie som likevel klarte seg betre enn mange. Å miste far sin i ung alder, og ikkje minst å oppleve klasseskiljet i samfunnet alt frå barnsbein av, prega den komande Ap-leiaren.

– Han hadde nok med seg dette klasseskiljet heile livet. Også det internasjonale aspektet ved karriera hans kan delvis forklarast slik. Han arbeidde mot ulikskap der han såg det, sa Lahlum.

Angst og pågangsmot

Hans Olav Lahlum fortalde ein historie om ein talentfull gut som vart ein markant politikar. Sterk retorisk og ideologisk, men kan hende ikkje alltid like stø menneskeleg.

– Han hadde angst, og takla alkohol dårleg. Det, kombinert med ein hang til nettopp alkohol og dessutan kvinner, gav av og til resultat han måtte slite mykje med, slo historikaren fast.

Lahlum kom innom alt frå fyllekuler under valkampane på 1980-talet til lekkasjar til pressa og den mykje omtalte møbelhandlaren på Jessheim - historiar som langt på veg har prega Steen både medan han levde og i ettertid.

Kampen mot Gro

Den politiske karriera til Reiulf Steen toppa seg med statsrådpostar og ikkje minst vervet som leiar i Ap. I stadig konflikt med mellom andre Håkon Lie og etter kvart Gro Harlem Brundtland vart Steen til slutt “parkert” som politikar då Gro Harlem Brundtland vart statsminister og like etter formann i Ap. Steen vart ambassadør i Chile etter åra på Stortinget. 

– Dei siste åra han levde fann han meir stabil grunn som menneske. Han fekk orden på drikkinga, og fekk hjelp med psyken. Ein del av utfordringane i forhold til borna og familien fekk han også reparert til ei viss grad, sa Hans Olav Lahlum til dei 60-70 som sat i salen.

Reiulf Steen gjekk bort i 2014.

For alle med interesse for norsk politikk, eller gode foredrag generelt, var kvelden med Hans Olav Lahlum ei oppleving. Han har vore i Valle før - og kjem sikkert tilbake. Då bør endå fleire møte opp. Hans Olav Lahlum er verdt tida same kva han kjem for å prate om!