Møykjeromet og spinningsal opnar att klokka 16 i dag torsdag 5. februar
Etter ein intens periode med utskifting av røyr i det som blir nye Valle kultursenter, kjem no gladmeldinga om at arbeidet har gått så knirkefritt at både Møykjeromet og spinningsalen i Vallehalli kan takast i bruk att frå klokka 16 i dag. Utgangspunktet var at lokala skulle vere stengte til og med fredag i denne veka.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.02.2026 14:19
Sist endra 05.02.2026 14:19

Då desse lokala vart stengte på grunn av røyrleggjinga tok ein høgde for at det også skulle bli stengt ein periode i neste veke - i alle fall måndag 9. februar.
Opnar i dag
Med arbeidarar som har teke lange øykter er no jobben fullført - og lokala kan altså brukast frå klokka 16 i dag. Takplater er ikkje lagt på plass enno, dei kjem på til veka, men lokala er vaska og klare!