Musikalske femteklassingar i kommunehuset i Valle

Tysdagen baud på ein musikalsk lekkerbisken for alle som var i kommunehuset i Valle då eit knippe 5. klassingar med eitt stod på døra med musikalsk program!

Gjengen, trygt leia av lærar Tora Åkre Lund, baud på alt frå stevrekker til teljeregler og viser. Til og med Åsmund Åmli Band-klassikaren “Eg æ frå bygdinn” hadde dei med i framsyninga si, på klingande dialekt. Eit flott avbrekk i kvardagen for tilsette i Valle kommune - som takka elevane med litt sjokolade og rungande applaus!