Mykje aktivitet i Vallehalli i helgene

Det blir open hall i Vallehalli i helger framover som eit samarbeid mellom Valle kommune og Valle IL.

Det er open hall i Vallehalli ulike helger som eit samarbeid mellom kommunen og Valle IL. - Klikk for stort bileteDet er open hall i Vallehalli ulike helger som eit samarbeid mellom kommunen og Valle IL.

Det har alt blitt skipa til open hall med alt frå ballspel til hinderløype på nyåret, og meir er på gang! Så er ikkje planen for heile sesongen fram mot våren spikra, men laurdag 20. januar er det klart for fotballturnering i Vallehalli. Dette kjem Valle IL ut med meir informasjon om.

Eigenstyrt

Sundag 28. januar er det ny runde. Då er det open hall og eigenstyrt aktivitet frå klokka 16-18. Også laurdag 3. februar er planen klar. Frå klokka 12-15 blir det skipa til ei hinderløype for dei yngste, medan dei litt eldre får kaste seg ut i nok ei fotballturnering.